|
Innleiing: Denne nettsida er laga av Udda Katrin Kjærvoll som eit ledd i ei vidareutdanning i IKT som eg tok i 2002/2003 ved Høgskulen i Volda http://www.norsknettskole.no Emnet for sidene er Den Franske Revolusjonen. Bakgrunnen for at eg valde dette temaet er fordi eg sjølv har historie som eit av hovudfaga i fagkrinsen min, og eg synes at dette emnet er svært spennande. I oppgåva har eg valt å fokusera på dei store forskjellane som var i samtida, både økonomisk, sosialt og politisk. Ut frå denne epoken i historia sprang og menneskerettane som fekk svært mykje å seie for demokratiet slik me kjenner det i dag. Samstundes fann eg at dersom ein ville vita meir om emnet så fann eg mange sider som ikkje utdjupar emnet tilstrekkelig. I tillegg var dei fleste på engelsk og fransk. Eg valde derfor å laga ei side på norsk som ein kan bruka i undervisninga både som tema og prosjektarbeid for vidaregåande skule, men som og kan brukast i ungdomsskulen. Sidene er laga som eit sjølvinstruerande didaktisk førelesing/undervisningsopplegg for lærarar, men kan sjølvsagt og nyttast av elevar (sjølv om innhaldet nok kan vera vanskeleg tilgjengeleg for dei yngste). Grunnen til at eg laga sidene som eit førelesingsopplegg var for at det skulle vera lettare for læraren å visa elevane kor omfattande denne revolusjonen var. Stoffet er som tidligare nemnd tungt, og ved å sjå dei forskjellege sidene av revolusjonen kan elevane få innsikt i korleis politikken verka inn på menneska i samtida. Ut frå Bronnfenbrenner sin pedagogiske samfunnsmodell vil læraren kunna visa til at omveltingar i samfunnet skjer på alle plan fordi me alle er ein del av eit større samfunnssystem. Førelesingane kan visast direkte med projektor i klasserommet, eller ein kan setja elevane til sjølv å gå gjennom sidene. Tidsbruken vil variera alt etter om ein bruker emnet som temaarbeid eller til prosjektarbeid. Sjølv ville eg nok ha brukt 3 veker ( a 3,5 timar på ungdomstrinnet) på emnet.Her vil du finna filosofiske spørsmål i tillegg til oppgåver som elevane kan bruka til dramatisering av revolusjonen |